Ramstadslottet naturreservat
Ramstadslottet naturreservatet er på 2,1 km² og er Østmarkas andre. Det omfatter blant annet Østmarkas høyeste punkt, nemlig Barlindåsen på 398 m.o.h., mens Ramstadslottet rett øst er på 394 m.o.h. Ved kgl. res. av 7. desember 2001 vedtok regjeringen i statsråd å opprette Ramstadslottet naturreservat i Rælingen og Lørenskog, som del av verneplan for Oslomarka.
Allereie i 1976 la Miljøverndepartementet
fram eit utkast til ein plan for bruk og
forvaltning av Oslomarka (ein fleirbruksplan),
der vern av 36 lokalitetar inngikk.
Etter lokal høring i 1989, sentral høring
i 1993, ny runde med justering og supplering
av planen og lokal høring i 1996
og sentral høring i 1998, skulle det altså
ta over 25 år å realisere første del av
planen. Desto meir gledelig er det at Ramstadslottet
er med i første runde av område
som nå får vern etter naturvernloven.
Reservatet er på 2,1 km² og blir Østmarkas
andre. Fra før har vi Østmarka naturreservat
i Rausjømarka på 12,5 km², som
vart verna som barskogreservat i 1990.
Ramstadslottet er eit svært variert skogområde
med liten påverknad i forhold
til resten av Østmarka. Tidligare hogstar
har sett ein del spor, men området er
i ferd med å gjenvinne naturskogskvaliteten.
Det nye naturreservatet er nærområde
for store befolkningskonsentrasjonar
i Skedsmo, Rælingen og Lørenskog.
Området har rikt dyre- og planteliv, og
gir folk villmarksoppleving sjølv om det
ligg mindre enn 5 km frå Strømmen
sentrum.
Det nye verneområdet omfatter Østmarkas
høgste punkt, nemlig Barlindåsen på 398
m.o.h., mens Ramstadslottet rett aust er
på 394 m.o.h. Dette åsområdet er eit
populært turmål, og av vernereglane går
det fram at vedlikehald av eksisterande
stiar og preparering av skiløyper er tillatt,
noe som er positivt for friluftslivet. Det
er ikkje opna for å utvide eller legge om
stier og løyper da styresmaktene vurderer
løypestandarden som tilfredsstillande.
Kartlegging foretatt av «Stiftelsen Siste
sjanse» dokumenterer at området har tre
nøkkelbiotopar, dvs. mindre lokalitetar
med urskogsliknande skog og sjeldne
artar. Desse tre er Isdalen, Blåtjern sør
og Barlindåsen øst. Generelt ligg dei
mest spennande gammalskogområda innafor
reservatet i dei rike kløftene sør for
Blåtjern.